

Har du lyst på eit BED HEAD produkt???
I anledning 10 000 besøkande på bloggen min,så vil eg dele ut BED HEAD-produkt til nåkre av mine lesarar!
Som dokke veit er eg frisør, og er meir enn normalt opptatt av HÅR!
Eg vil helst rufse litt i håret til dei fleste...må liksom kjenne...kleia i fingrane når eg sitt på bussen å ser meg rundt...ser eit potensiale i dei fleste mankar:) (-uten at nokon skal føle nåke prestasjonsangst av den grunn..berre sånn eg e:)
Og eg eeelskar å prøve nye stylingprodukt!! Eg har prøvd en del...og BED HEAD til TIGI er av dei beste..-så ikkje la sjangsen gå frå deg!
Eg veit at dei aller fleste har ei HÅR -HISTORIE!! (eller frisør-historie!)
Eg vil høre den!
Er det ei positiv eller negativ episode som har satt mest inntrykk? Ein rar eller ekstra flink frisør?
FORTELL!
Det einaste du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar under dette innlegget,fortell di HÅR,styling-,frisør-historie..,så er du med i trekninga!
Eg trekker ut blandt ALLE,ikkje ut frå beste historie!
Har du eigen blogg vil eg du skal lage ein link til sida mi der, men dei uten blogg må SJØLVSAGT også være med på trekninga! Men husk da å legge igjen mailadr,så eg kan nå tak i deg om nettopp DU vinn!
Her er mi HÅR-historie;
Eg har jobba nåkre år i salong og klippt nåkre hundre (om ikkje tusen) klipp! Dei fleste meir eller mindre vellykka, enda ikkje klippt nåken i øyra eller skjært nåken med kniven...
Denne dagen skjedde noko eg egentlig ikkje hadde tenkt på ein gong...
Eg er ferdig å klippe ei dame... det ser veldig bra ut og kun siste finish gjenstår...litt tynning her,litt pointing og litt støttehår der... Og til slutt litt tynning i en litt for tung lugg...
"GRAFS"
I det eg hørte lyden kjente eg alt blodet forsvinne frå hjerna mi, eg vart handlingslamma og mista følelsen i heile kroppen!
Eg skulle berre tynne litt med effilering-saksa mi (saks som klipper berre LITT hår),men hadde tatt feil saks!! Eg hadde tatt den vanlige klippesaksa (som klipper ALT!!!)
Resultat: Ein fiiin veeeldig kortklippt 1x5cm passè MIDT framme i luggen!!
GRØSS!! Det var ein grusom følelse!
Takk og lov for extentions, sei berre ej!
Og det har ikkje skjedd verken før eller sidan!
GOD HELG!!
Trekninga vil skje onsdags kveld!
Dei heldige vil få BED HEAD tilsendt i posten! NAM!:)