
Hei igjen!
Ja no er me igong med ei ny veke! Og i mitt tilfelle so er dette ei makeup veke!
Eg skal nemleg holde make up-kurs heile veka på skulen!
Veldig kjekt! Det blir to dagar med teori først,der vi har om hygiene,huda og hudtyper, i tillegg til fargeteori og fargepsykologi!
Deretter blir det demoar av meg, før elevane skal få prøve seg eit par dagar med makeup-praksis på kvarandre.
Til slutt skal vi på lørdag ha avsluttande temaoppgåve,der elevane styler hår, makeup og antrekk... og da må vi også ha ein fotoshoot:)

Igår hadde forresten eg, venninda mi -SØLVI og fotograf Øyvind Ganesh fotoshoot! Veldig kjekt!
Det gikk i GLAMROCK!! KULT hår og makeup! Bilda skal forhåpentligvis brukast i konkurranse! Gler meg til å sjå resultatet!
Følg med,så får du sjå dei her på bloggen etterkvart!

Eg vil komme med ei oppfordring til dei som er innom her...
Kvifor ikkje prøve ein NY farge øyeskygge neste gong du sminkar deg??
Det er so utruleg mange fine fargar skyggar!! Kvifor ikkje prøve dei ut?
Eg lovar at dei fleste vil få seg ein overraskelse! Plutselig ser du at du kler ein heilt annan farge enn du trudde. Finn dei fargane som framhevar DINE auger!
Ikkje vær redd for å prøve!
Den treng ikkje være "skrikande", det finns "rolige" fargar innanfor både blått,lilla,fersken,grønt og rosa... Kombiner gjerne disse med grå- og brunlige nyansar! LYKKE TIL!! :)

Og dagens TIPS: Kjøp deg ein softepensel (mjuk bust)! Denne brukar du etter at du har lagt skyggen til å softe/duse ut kanten rundt skyggen! Dette vil gi mjuke fine overgongar! Dette er alfa omega ang å legge ein fin skygge!

For å lære korleis du skal legge ein fin øyeskygge kan du f.eks sjå denne filmen;
Smoky eyes by Luc - dette er på MAC si heimeside.
Om du ikkje vil ha eit sota look, brukar du berre lysare skygge eller ikkje så mykje skygge under auga.
Bilda av skyggane har eg henta ifrå GloMinerals si heimeside!
For spesielt interesserte så kan eg anbefale bøkene til Kevyn Aucoin. Ein guru innan makeup-yrket/sjangeren!
I bøkene hans "Face forward" og "Making faces" vil du finne steg-for-steg bilder av korleis en legg forskjellig typer makeup/skjønnsminke!


1 kommentar:
Kan gjerne prøve en ny farge ej, probleme e vel berre at ej he NULL peiling på øyeskygge, bruka det aldri, og he vel aldri gjort det heller... Nesten so ej bør syns at det e litt flaut..? HEHE :)
So då må ej først få et kurs! :)
Legg inn en kommentar