fredag 31. oktober 2008

Eventyr


"Eventyr"

30x90cm

SOLGT!!


Dette biletet fekk navnet sitt enkelt og greit fordi vi alltid berre har kalla det "eventyrbiletet" når det har blitt omtalt:)

torsdag 30. oktober 2008

No è det heeeelg....!!!!

Til tross for at eg malte til langt på natt igår, så hadde eg forbausande mykje energi idag!
Klarte å komme meg opp i rimeleg tid (skikkeleg B-menneske altså... so kl 11 e bra til å ha lagt seg så seint!!), vaska og "shina" leiligheta,vaska klede og til og med VASKA VINDUA!!
Hehe.. "Idag he ej overgått mej sjøl",tenkte ej då....
Etterpå va ej på jobb,og no etter jobb har eg (og Yngve) handla inn til helga og eg har fått pynta med litt blomster og stearinlys!
Så no er eg klar for helga!!

Me skal ha jentekveld imorgå!!
Og feire bursdagen til mi kjære venninde Sølvi litt på forskudd!
Glede meg så utrulig til å gå ut med jentene...kose oss med god vin her først og ut på by'n en tur seinare!! Jippi!!

Heilt til slutt vil eg oppfordre folk til å sjekke ut SALONGEN - din nettfrisør SØLVI kjem med masse gode tips og idèar til hårklipp og styling både til gutar og jenter,nye forslag kvar einaste dag, i tillegg til konkurransar der du kan vinne deilige hårprodukt!!!


Fortsatt fin kveld alle sammen!!:)

Abstrakt....


"Raud abstrakt"

30x90cm X 2

SOLGT!

Disse bileta vart til av at eg fekk ei bestilling på to bilete som skulle gå i raudtonar, og som skulle både kunne henge ilag og kvar for seg!
Eg håpar eigaren fortsatt er fornøgd med resultatet!:)

onsdag 29. oktober 2008

Maling og Metallica....


Fleire bileter er på veg.....
Hadde skikkelig "ånda" ikveld når eg kom heim frå jobb,so da må eg berre nytte sjangsen å få malt mest mulig! Det er nemleg ikkje alltid sånn.... Det er perioder ein ikkje får malt så mykje,fordi "inspirasjonen" ikkje er der!
Skikkelig frustrerandes om ein har bestillingar på bilete og ikkje klarer å prestere...
Men ikveld skal det malast!!...og det blir kanskje langt på natt før eg gir meg,når eg først er så godt i sving:)


Og for å blir ekstra gira ---> Nyaste METALLICA på anlegget!!
...det kan nesten ikkje bli betre....;)

"Stille"


"Stille"


40x40cm

(Eg klarte ikkje å finne ein passande tittel til dette biletet.... Nokon som vil hjelpe meg og komme med FORSLAG???)

"Landskap"


"Landskap"

30x9ocm

SOLGT!

tirsdag 28. oktober 2008

Glansfullt hår!!


Eg vil komme med ei anbefaling til dei som ønsker å få meir glans i håret sitt!!
Eg har brukt TREVOR SORBIE's Long Hair-serie i eit par veker og er kjempefornøgd med glansen eg har fått i håret mitt!

Jo lengre håret er,jo eldre er det i lengdene,OG jo eldre,jo mindre glans!!


LONG HAIR-serien gir GOD pleie, og er spesielt utvikla for å gi tilbake det naturlige "glans-stoffet" 18MEA til håret igjen!
Den finnest både for krøllete hår (rosa) OG for stritt/glatt hår (turkis);
Shampo, conditioner, kur og stylingprodukt!
Lukta er nydelig og prisen veldig grei!!
Løp og kjøp,for;
TREVOR SORBIE LONG HAIR rebuilds shine!!!


"Magi"


"Magi"

70x100cm

Privat eige!

Litt om MITT A4-liv....

Heisann alle sammen, herlig å våkne opp til sol idag!!!
Idag tenkte eg å fortelje litt om kva eg gjer på når eg ikkje held på med bileta mine..
Eg er som sagt utdanna
frisør,men grunna fibromyalgi (kronisk muskelverk) kan eg ikkje jobbe i salong,då det blir for statisk arbeid som gjer at eg blir mykje dårligare enn om eg er meir i bevegelse. Men no i sommar fikk eg ein telefon om eg ville komme på intervju til stillinga som Dagleg leiar på kveldskulen Norsk Frisørskole i bergen!
Og eg FIKK den!!!:)
Ei kjempemulighet for meg til å få fortsette å jobbe med det eg elska å drive med,nemleg HÅR!!
So no er eg der med den kjekke klassa mi 3-4 dagar i veka,og eg stortrivs med det!!
Kjempekjekt å lære frå seg når det er noko ein virkelig kan og brenn for!
Så det kan hende det kjem litt hårtips her på bloggen min også etterkvart..
Kan kort fortellje at det fortsett med bob og lugg i ulike variantar, i tillegg til fletter og romantiske bølger!!
Eg er også utdanna Makeup-artist ved Art Complexion, og skal no få brukt den utdanninga mi òg,ved å holde makeup-kurs på skulen:) Gler meg veldig!! Og kanskje kjem det litt makeup-tips her inne på bloggen?? :)

Så jobbar eg som ekstrahjelp på VERO MODA av og til,som eg også trivs veldig godt med!! Ein kjekke gjeng der:):)

Ellers likar eg veldig godt å lese bøker, det blir mykje krim,men ellers også andre sjangerar. Så har eg HEKLING som ein sånn haust/vinter-hobby; Skjal,luer,panneband,baby/barneklede...no held eg på me DEN fine 70-talls jakka til gutt,skal legge ut bilde når den er ferdig!
Så likar meg og Yngve å ha et par seriar på tv å følge med på,deili etter ein hektisk kvardag å kunne slenge seg på sofaen når kvelden kjem å berre kose seg å sjå ei episode av Greys,the Wire eller LIFE!
Ellers betyr menneska rundt meg veldig mykje,FAMILIA MI heime som eg er så glad i, MARIUS,sønn til Yngve som er ein aldeles HERLIG gut, SVIGERFAMILIA mi i Odda som eg aldri ville våre foruten og sist men ikkje minst VENNANE MINE!!!
Takk for at dokke er til,alle sammen!!!!

mandag 27. oktober 2008

Litt romantisk....


"Stillhet"

Privat eige

So kjekt....!!

So koselig å sjå at så mange hadde våre innom sida mi iløpet av "dens første levedag"!! Og kjempekjekt å få kommentarar!! Det sett eg veldig pris på!!
Vil ha både ris og ros,tips og idèar!!!

Eg malar litt forskjellig,men har lenge våre inne i ei lilla periode!! En herlig farge å jobbe med!!! Og når eg i tillegg får bestillingar om lilla bilder...ja,så blir det en del lilla... Men som dykk vil få sjå etterkvart som fleire bileter blir lagt ut her,so er det ikkje KUN det det går i..
No er eg litt inne i det BLÅ!
Og driv å eksperimentera litt, og har 6 bileter under produksjon... Nåkre bileter tek lengre tid enn andre,sånn er det berre og ikkje spør meg kvifor det er sånn... Nåkre bileter "VIL" berre ikkje med det samme!! Så eit bilete kan ta frå 3 til 20 timar å lage!

No er det rette tida...
Om sommaren blir det lite maling,då det er so mykje anna som skjer.
Men no på hausten,med dei aldeles N
YDELIGE fargane ute, når mørket sige på og
det stormar rundt hushjørnene....
Og eg kan tende på alle stearinglysa mine (hehe nåke Yngve kan synst det er både nok og for mykje av!! Det blir so varmt,sei han og åpnar verandadøra for å lufte litt. "me fyri'kje for kråkene" sei ej då... hehe ej lika veldig godt sånne gamle ord og uttrykk:)
....men vertfall, DÅ kan eg male....

Det blir spennande kva som blir til utover hausten og vinteren,
so FØLG MED VIDARE!!:)

søndag 26. oktober 2008

Eit par smakebitar....

"Istid"

30x90cm

SOLGT!


"Natt"

30x90cm


"Alvedans"

50x50cm

Privat eige.


Her er nokre smakebitar på kva bileter eg maler... Maler litt forskjellig,både motiv og farger, det går vel litt på humør og sinnstemning:)
Så etterkvart som bileta blir lagt ut her, håper eg det er litt for ein kvar smak...

Kjære andre bloggarar....

Då var det min tur til å prøve seg i blogg-verdenen!!
Og jammen er det vanskeleg....iallefall til eg har fått sett meg litt inni det..:)
Eg er ikkje nokon "resar" på data,så eg treng litt tid på utvikle denne sida mi. Men det kjem seg vel etter kvart! Ein stad må ein starte!!

Dette vil bli ein galleri-blogg der eg legg ut og viser fram bileta eg maler! I tillegg til at eg vil gi ein del av mine tankar, idèar, hobbyar og opplevingar i min kvardag!

Håpe det blir ein fin fornøyelse!!
 
Blog Widget by LinkWithin