onsdag 25. februar 2009

..and the WINNERS are....


No he me hatt høgtideleg trekking i heimen!
Ej laga nr-lappar og Yngve var trekke-mester og passa på at alt gikk riktig for seg!

Dei heldige VINNARANE av kvar sitt deilig BED HEAD produkt er;

-MARIE-

-THERESE-
-INGRID-

GRATULERER!


Produktet vil komme tilsendt i posten over helga!!
ENJOY!:)

For dei som ikkje vann, men he lyst å prøve disse fantastiske stylingprodukta so er dei å få kjøpt i frisørsalongar!
Mange lurer på kar en kan få kjøpt BED HEAD heime, og hør da her...

Systra mi, LILL KRISTIN startar salong frå neste veke inne med Linda
ANNE FRISØR
i storgata i volda!!

OG ho har tatt inn TIGI BED HEAD!!
LØP OG KJØP!
Lill har jobba med bed head i mange år og er godt kjendt med produkta og kan gi god veiledning og anbefale det som vil passe best for ditt hår!

Nattinatta!! :0)

lørdag 21. februar 2009

Jubileum!! VINN VINN VINN!!



Har du lyst på eit BED HEAD produkt???

I anledning 10 000 besøkande på bloggen min,så vil eg dele ut BED HEAD-produkt til nåkre av mine lesarar!

Som dokke veit er eg frisør, og er meir enn normalt opptatt av HÅR!
Eg vil helst rufse litt i håret til dei fleste...må liksom kjenne...kleia i fingrane når eg sitt på bussen å ser meg rundt...ser eit potensiale i dei fleste mankar:) (-uten at nokon skal føle nåke prestasjonsangst av den grunn..berre sånn eg e:)
Og eg eeelskar å prøve nye stylingprodukt!! Eg har prøvd en del...og BED HEAD til TIGI er av dei beste..-så ikkje la sjangsen gå frå deg!

Eg veit at dei aller fleste har ei HÅR -HISTORIE!! (eller frisør-historie!)
Eg vil høre den!
Er det ei positiv eller negativ episode som har satt mest inntrykk? Ein rar eller ekstra flink frisør?
FORTELL!

Det einaste du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar under dette innlegget,fortell di HÅR,styling-,frisør-historie..,så er du med i trekninga!
Eg trekker ut blandt ALLE,ikkje ut frå beste historie!

Har du eigen blogg vil eg du skal lage ein link til sida mi der, men dei uten blogg må SJØLVSAGT også være med på trekninga! Men husk da å legge igjen mailadr,så eg kan nå tak i deg om nettopp DU vinn!


Her er mi HÅR-historie;

Eg har jobba nåkre år i salong og klippt nåkre hundre (om ikkje tusen) klipp! Dei fleste meir eller mindre vellykka, enda ikkje klippt nåken i øyra eller skjært nåken med kniven...
Denne dagen skjedde noko eg egentlig ikkje hadde tenkt på ein gong...
Eg er ferdig å klippe ei dame... det ser veldig bra ut og kun siste finish gjenstår...litt tynning her,litt pointing og litt støttehår der... Og til slutt litt tynning i en litt for tung lugg...
"GRAFS"
I det eg hørte lyden kjente eg alt blodet forsvinne frå hjerna mi, eg vart handlingslamma og mista følelsen i heile kroppen!
Eg skulle berre tynne litt med effilering-saksa mi (saks som klipper berre LITT hår),men hadde tatt feil saks!! Eg hadde tatt den vanlige klippesaksa (som klipper ALT!!!)
Resultat: Ein fiiin veeeldig kortklippt 1x5cm passè MIDT framme i luggen!!

GRØSS!! Det var ein grusom følelse!
Takk og lov for extentions, sei berre ej!

Og det har ikkje skjedd verken før eller sidan!

GOD HELG!!

Trekninga vil skje onsdags kveld!
Dei heldige vil få BED HEAD tilsendt i posten! NAM!:)

søndag 15. februar 2009

Varme og gode...


No he ej lært mej å strikke!! ...eller det vil sei, MAMMA he lært mej og strikke..
Og disse fine (om ej so skal sei det sjøl...) tova vottane vart resultatet!

Og må innrømme at det var kjekt, sjøl om skuldrane til tider var over ørenivå, og vottane holdt på å flyge vegg i mellom da ej skulle lære å strikke med 5 pinnar (anbefalar bambuspinnar,da dei ikkje GLIR UT AV MASKANE heile tida sånn som vanlege pinnar gjer...hehe)

Og ej måtte ty til russemottoet mitt eit par gongar undervegs...;
"Kjære Gud, gi meg litt tålmodigheit..
-og det litt brennkvikt!!"

tirsdag 10. februar 2009

Vakkert.....


Kjekt med speilrefleks kamera,men jammen er det vanskelig!!!
He leika meg litt idag, måtte berre forevige den deilige dagen! Skulle på besøk til søs og tanteungane, men måtte utsette det litt, kunne ikkje la dette motivet gå frå meg! Bilda er tatt frå verandaen i Morkaåsen! Finaste utsikta ej veit om...

Fjella "mine" som eg nemde i forrige innlegg....Oppvokst med disse:)

Feeling blue...


Det har vore lite tid til maling og blogging i det siste, MEN eg kjem sterkare tilbake altså....om ikke lenge!!
Men først ei lita veke heime på Mork for å lade opp batteria...


I'm feeling blue..... Å være i morkaåsen og sjå fjella "mine", so utrulig fine i nysnø! Og ikkje minst å nyte grytene na mor, det blir liksom aldri det samme når ein skal prøve å lage det sjøl!
Og det beste - at en er omgitt av alle dei som betyr so mykje!

Herlig!

søndag 1. februar 2009

Overdose av inspirasjon..

Ja som sagt var eg i Oslo i helga!
Først og fremst for å planlegge makeup-kursa med makeup-artisten til Norsk Frisør og Hudpleieskole i oslo. Vi er 3 makeup-artistar som skal halde kursa i Bergen,Oslo,Trondheim og Bodø.
Eg skal ha 3 kurs i bergen og eit i Bodø i løpet av dei neste månadane.
Spennandes...

Og eg MÅTTE no ha med meg Hår & Skjønnhets-messa i spectrum!
På denne messa har alle dei forskjellige leverandørane innanfor hår, makeup og negler kvar sin stand. TIGI, Renati, Trevor Sorbie, Cutrin, L'oreal, Wella, Sexy Hair, Goldwell, Matrix, Redken, So Cap, GloMinerals for å nevne nåken..
Her viser kvar av dei kva dei har å tilby; -det står frisørar på podie å klipper modellar og/eller viser oppsettingar mens dei forklarar om fargar, produkt og nye triks,tips og idèar, det blir satt på både hårextensions og vippeextentions, dei delar ut goodiebag'ar med prøver og produkt, og dei har hårshow med god musikk og underholdning som gir mykje inspirasjon!
Det er so klart om og gjere å overgå kvarandre, skille seg ut og bli huska!

I tillegg til dette pågår NM i frisering og makeup med mange forkjellige disiplinar og kåring av Årets Frisør! Veldig spennande å sjå på dei som konkurrerar.
Eg gikk rundt i fleire timar idag med mitt nye kamera og knipsa masse bileter som eg skal vise elevane mine imorgon. Håpe at det kan gi litt ekstra inspirasjon i starten på ei nye veke...:0)
 
Blog Widget by LinkWithin