søndag 1. februar 2009

Overdose av inspirasjon..

Ja som sagt var eg i Oslo i helga!
Først og fremst for å planlegge makeup-kursa med makeup-artisten til Norsk Frisør og Hudpleieskole i oslo. Vi er 3 makeup-artistar som skal halde kursa i Bergen,Oslo,Trondheim og Bodø.
Eg skal ha 3 kurs i bergen og eit i Bodø i løpet av dei neste månadane.
Spennandes...

Og eg MÅTTE no ha med meg Hår & Skjønnhets-messa i spectrum!
På denne messa har alle dei forskjellige leverandørane innanfor hår, makeup og negler kvar sin stand. TIGI, Renati, Trevor Sorbie, Cutrin, L'oreal, Wella, Sexy Hair, Goldwell, Matrix, Redken, So Cap, GloMinerals for å nevne nåken..
Her viser kvar av dei kva dei har å tilby; -det står frisørar på podie å klipper modellar og/eller viser oppsettingar mens dei forklarar om fargar, produkt og nye triks,tips og idèar, det blir satt på både hårextensions og vippeextentions, dei delar ut goodiebag'ar med prøver og produkt, og dei har hårshow med god musikk og underholdning som gir mykje inspirasjon!
Det er so klart om og gjere å overgå kvarandre, skille seg ut og bli huska!

I tillegg til dette pågår NM i frisering og makeup med mange forkjellige disiplinar og kåring av Årets Frisør! Veldig spennande å sjå på dei som konkurrerar.
Eg gikk rundt i fleire timar idag med mitt nye kamera og knipsa masse bileter som eg skal vise elevane mine imorgon. Håpe at det kan gi litt ekstra inspirasjon i starten på ei nye veke...:0)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Rita din flinke bloggar: Korleis har du laga kategorien "for orden skyld" ???

Anonym sa...

Hmm. meiner eg har prøvd det..Får prøve ein gang til da. Ikkje så sterk på sånne tekniske datagreier eg.
Takk for tipset. Fann forresten ikkje mønsteret du leite etter.
(:

Anonym sa...

Åååå ej e sikker på at du e en flinke lærar. Viktig med inspirasjon. Sikkert gøy i Oslo. Kunne godt tenke mej å sjå d sjøl, og d til tross for at ej he ei "relativ kort" frisyre:)

 
Blog Widget by LinkWithin