fredag 24. april 2009

Olene's Makeup-tips;

Når eg først var i MAKEUP-MODUS....

Her kjem nåkre av mine smarte makeup-tips ;

  • Blir mascaraen fort tørr?? - Ta i eit par dråpar linsevæske/augedråpar....så varer den mykje lenger!
  • Opplever du at øyeskyggen berre dryss av, eller at du ikkje får "metta" den godt nok for å få fram fargen? - FUKT penselen litt før du dypper den i skuggen og påfører!
  • Bruk mineral-foundation så huda får puste!
  • husk Hightlight for eit gratis "brynsløft"! - legg en LYS skygge med litt skimmer under brynet. (ikkje for bredt, da virker det mot si hensikt!)
  • softe,softe,softe kantane på skyggen med en mjuk pensel.
  • Tenk deg ei linje frå enden av brynet ned til enden på auget, og plassèr augeskyggen innanfor denne linja! Da unngår du "Sad Sam-auger" og vil få eit løft istadenfor!
  • Lys framhevar og mørkt dempar!
  • For å dempe f.eks ei dobbelhake - litt solpudder på en stor kost og "streif" over dobbelhaka.

Husk kva som er heile formålet med makeup!! - Å framheve skjønnheit og augefargen!

Kva farge skal du bruke for å framheve augefargen?? - Tenk komplimentærfarge!

blå-auer Blå auger - Komplimentærfargen til blått er rødt! Så her bør du gå etter øyeskygger med spor av rødt i seg... F.eks rødlig brun, korallrødt, ferskenrødt, rosa, plomme...

bruneauger Brune auger - har ikkje komplimentærfarge, men er ei sammensetning av fleire fargar. Så her står du ganske fritt i fargevalg,men husk at brunt ikkje framhevar brunt! Eksempel på fine fargar til brune auger; grønt, lilla, blått... -skap gjerne en kontrast!

grøne-auer Grøne auger - Komplimentærfargen er orange. F.eks Kobbar, korall, fersken, rosa som går mot orange...

Lykke til!!:)

Kva synst du om tipsa mine?? Var dei til hjelp?

No er det helg!! Har våre på reise lenge no. Forrige veke i Oslo, så denne veka i Bodø å holdt makeup-kurs. Kjekt! Men skal bli godt å flytte ut av kofferten og sove i si eiga seng!

Har vore på fjelltur med Philip idag, gått Stoltzen-Fløyen. Deilig! Og måtte sjølvsagt kjøpe smoothie på fruktbar etterpå! Fått dilla på den som heiter SVIMMEL der... NAM!!

Og no går eg inn i MALE-MODUS..................

GOD HELG, kjære deg som er innom her!! :)

Bilda er henta frå fargedelinser.no

5 kommentarer:

zølvi sa...

God helg vennen:) Kjempegode tips;)SMASK!

Anonym sa...

Hei!
Har vore innom bloggen din av og til, no blir eg nok fast lesar, du er heilt RÅ på tips!!! Takk! Håper også å sjå fleire eksemplar av kunstverka dine framover. For eit talent! Lykke til vidare! :)

Anonym sa...

Heia Rita, lykke til med nye maleri, blir kjekt å sjå:) flink flink:)

Helsing fra Siv

Nina og cocobongoo sa...

Hei Rita!

Tusen takk for mange nyttige tips:)
Kanskje jeg burde "bestille" deg til neste spesielle anledning for litt make up hjelp;)
Ha en fin fin dag!
klem

Charlotte sa...

Bra tips:)

 
Blog Widget by LinkWithin