torsdag 30. april 2009

Kvitredilla !!

Bryllup Agnethe & Simen 121

Ja det er nåke som skjer i kroppen når våren og sola kjem! Alt blir lettare og ein blir lysare til sinns når alt spirar og gror, sola varmar i kinna og fregnene (i mitt tilfelle..) poppar fram!!

Eg trur gamal som ung får litt kvitredilla på denne tida! Deilig!

No nærmar 1.mai helga seg, og den skal eg tilbringe i København med min kjære Yngve, og mi gode svigerfamilie! Det er meldt sooool der heile helga, og vi skal skikkelig kose oss! God mat, god drikke, feiring av svigers 35 års bryllupsdag (ikkje værst hæ!!), kvitring, utepils, shopping, meir god mat og drikke, og ikkje minst TIVOLI!!!!!!

Eg og Yngve elskar tivoli, karusellar, berg-og-dal-baner osv...Rush og sug i magen!! Spring frå den eine til den andre..hehe ja og no med kvitredilla i tillegg! Må berre bli bra det.... :)

Ha ei herlig helg, alle sammen!!

Ingen kommentarer:

 
Blog Widget by LinkWithin