
Ja her sitte eg da, i sofaen med dyna og puta mi klokka altfor seint om natta (eller tidleg om morgonen om du vil....) og ikkje får sove pga sprellemannen (som søv!) i senga mi...
Eg har nemleg ein mann som lir av Restless Legs Syndrome (RLS). Dette er ein tilstand der ein får kriblingar i beina som gjer at ein må bevege på dei med jamne mellomrom (kvart 14.sekund i dette tilfellet!!!! Tru meg,eg har tellt!!).
Det er ei nevrologisk årsak til at ein får desse urolige beina, -kommunikasjonen mellom hjerneceller og signalstoffet dopamin fungerer ikkje heilt som det skal. Og denne tilstanden blir værre om kvelden/natta.
Eg synst så synd i han når han ligg der å ikkje får sove eller søv so urolig, det må være heilt forferdelig å ha det sånn kvar kveld/natt.
Men HELDIGVIS har det blitt mykje betre enn det var før, da han no har fått medisin som hjelper hjernecellene og dopaminet "å snakke betre saman".
Så no har han perioder der han ikkje kriblar i det heile tatt og får sove godt. MEN i andre periodar er det der igjen...og no er det oftare at han kriblar i søvne,så han er ikkje klar over det sjølv....
Men det er eg!
Ja eg innrømmer lett at det kan være vanvittig irriterande å ligge der og gong etter gong våkne av sprellinga akkurat idet du held på å sovne igjen!!
Og ja eg innrømme også at eg har gitt både ein og to alboga i sida eller spark i leggen i min frustrasjon... (Hehe, trurkje han merka det engong...)
Og det har vore kvar sin gong å ta dyna og puta si under arma å legge seg på sofaen.
Denne gongen var det eg som luska meg ut, sida han har ei travel helg med jobbing og kurs framføre seg og skal tidleg opp... Eg skal ikkje på jobb på vero moda før kl 14, så eg kan sove eit par timar etterpå...
Eg likar å forstå meg på ting, så eg har lest ein del om RLS og det som er verdt å vite om denne tilstanden står på Norsk Restless Legs Forbundet sine sider.
Og her står det bl.a;
"Disse plagene fører ofte til søvnvansker og trøtthet utover neste dag."
Hmmm,tenkjer eg då....
Dei gløymte visst å tilføye "...for den som evt måtte befinne seg i same seng!"
*gjeeesp*
Biletet er henta frå: www.mydochub.com


4 kommentarer:
Jeg visste at det måtte være noe feil med Yngve. Han er jo bare for god til å være sann!!!! :)
Heisann! Las om deg i Møre. Kjekt å lese bloggar frå same distrikt til ei forandring :)
Hey Snuppa!
Ikke rart avisen skriver om deg!
Du er bare så vanvittig flink til alt du gjør! Stå på godjenta!
Klems Unni
Learn young, learn fair.
[url=http://burberryoutletnew.blogspot.com/]burberry outlet[/url] burberryoutletnew.blogspot.com
[url=http://ugg-outlet-shop.blogspot.com/]ugg outlet[/url] ugg-outlet-shop.blogspot.com
[url=http://burberry-outlet-cheap.blogspot.com/]burberry outlet[/url] burberry-outlet-cheap.blogspot.com
It is harder to conceal ignorance than to acquire knowledge.
spyder outlet www.spyderjacketsoutlet.info
ugg boots clearance www.uggbootsclearence.info
Legg inn en kommentar