fredag 16. januar 2009

Gamalt er HOT i 2009!!


Strikk er det store i 2009!!!
Spesielt den heilnorske, tradisjonelle og kjendte -
MARIUS-GENSAREN!!

Den vart lansert i 1952 og fekk navnet sitt fordi den vart strikka til alpinisten og verdensmeisteren Stein Eriksens lillebror Marius.



Stein Eriksen var på framsida av oppskrifta.
Og Marius-gensaren har sidan då vore eit symbol på norsk ski- og utendørsliv. Designet har vore svært populært og dette har vore det bestseljande designet i SandnesGarn`s historie.



Her er dei herlige tanteungane mine
-Lone og Tobias-

i sine Marius-dressar som mamma har strikka!! Nydelige...
Og eg har leita fram min som mamma strikka til meg for eit par år sidan,kjempefin i mørkeblå,lyseblå og kvit!! Den skal eg ha på meg når eg skal til Røldal å stå på ski imorgon!! :)




Her ser du Eskimo-gensaren, som også er eit populært mønster i år!

So no folkens!! -er det berre å gå på loftet å grave fram gensarane, eller få fart på strikkepinnane..(dine...evt andre sine..hehe:)!


Bileta er henta frå:
www.sandnesgarn.no
www.nrk.no

5 kommentarer:

Tove sa...

Så artig at Marius-gensaren er tilbake! Ungane min har alltid hatt slike, anten nystrikka rett frå bestemorhand, eller arvegods frå meg og syskena mine! Stor stas!

Ta ein tur innom bloggen min og bli med på feiringa, flotte premier!

Unknown sa...

Du aldså! Kor du kjeme på det???????? Kos dj masse ihelga, vennen! Vi skal og på hytta, heilt åleine dinne gongen (trur ej, e no alltid kjek om nokre stikk innom (tilfeldigvis med sovepose og ein 6-pack!) Alavio!

Monica sa...

Kjekt å sjå fleire som lika marius genserane! Mamma he strikka fleire te mine unga, og dei e so fiiiine!!!! :)

Anonym sa...

Eskimogensaren va kjempekul! Artig at ull er tilbake! Ej me he som du veit fått litt sansen for ull igjen. Og motebildet følger etter: he he:)

Anonym sa...

Du e virkelig ei allsidige dame. jenta mi! Flotte reportasje i Møre i dag - kry!!
Nyt dei positive kommentarane i fulle drag, det har du vel fortjent!! Stoore klem frå mamma

 
Blog Widget by LinkWithin