mandag 3. november 2008

Ei lita utfordring....

MANDAG og ein nydeleg haustdag!!!

Idag fekk eg telefon frå Marius,sonen til Yngve på 12år, om eg ikkje kunne hekle eller strikke ei lue med dusk til han!!
Kor kjekt!! Ja DEN utfordringa tek eg!!
Det må bli hekle...sidan eg ikkje kan å strikke (dvs eg KAN å strikke men ikkje å legge opp...Mormor og mamma har sikkert vist meg hundre gongar,men av ein eller anna grunn kan eg det fortsatt ikkje...:)
Men hekle KAN eg!!
So no skal eg sta å kjøpe tråd (kvitt og blått) og improvisere litt og sjå om det kan bli ei fin lue til Marius....MED dusk:) (hehe lurer no mest på korleis eg skal få til den..:)
Tips og idèar blir motteke med glede!!

*******************

Eg har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som vil legge att kommentar,men som ikkje får det til...
Ein må berre hugse å "huke ut" det som passar DEG under "Valg av identitet" i ruta for kommentarane!

Eg blir KJEMPEGLAD for kommentarane,og håpar at dei som ikkje fekk det til første gongen prøvar på nytt:)

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann. Kjekt med eigen blogg ikkje sant?
Mykje fint du har laga. Ser ut som kunstproduksjonen er større heime hos deg enn hos meg.

Eg finn mange fine oppskrifter på til skjerf, huer etc. på http://garnstudio.com

Sikkert mest til jenter da.. (:

 
Blog Widget by LinkWithin