
Tusen takk til alle som har kome med GODE FORSLAG til tittel på biletet mitt!!!
Det vart vanskeleg å velge,men er godt fornøgd med resultatet....
Forslaga var bl.a "Aude øy", "Ørken", "Oss to", "Ro", "Varme"...og det går ein raud tråd igjen i alle forslaga!
Eg synst dette vart så vanskeleg å velge at eg måtte spørre mamma til råds, og ho kom opp med "STILLE" - som eit synonym til alle forslaga eg fekk.
Så i "Stille" ligg altså aude øy, ørken, oss to, ro og varme....
Tusen takk for hjelpa!!!:)
***********************************************************************
Det er fleire dagar sidan siste innlegg!
Eg har som sagt hatt besøk av Søs og Liv ihelga,kjempekoselig med shopping,god mat,film og litt klipping (hehe nokon som var litt nervøse??)
Og det var sååå godt å få heimatt Yngve etter at han har vore på reis meir eller mindre i vekesvis,kun heimom for ein kveld/natt, pakke om kofferten for så å reise igjen! No skal han være heime heeeile veka!! Herlig!!
Det er travle tider no på hausten for ein seljar i Cutrin (Ein av Norges to største totalleverandører til frisørmarkedet). Fleire helgekurs og salgsmesser,kursing med konsulentar,og nye fargar som skal lanserast (- I tillegg til dei obligatoriske kundebesøka)!
Det kjekke er at dei har fått ein utrulig respons og kjempegode tilbakemeldingar på dei nye fargane sine - SCC REFLECTION!
Eg har sjølv studert fargekartet,og det er nyyydelige fargar!! No skulle eg ønske at eg jobba i salong og fikk testa dei skikkelig ut! :)
Ja ei lita avsporing der altså....
Og ellers så har tida gått med til forberedig til jobb (fargeteori på skulen denne veka,so ein del vi skal igjennom for å seie det mildt:),
og litt hekling og maling.... fleire bileter som er nesten ferdige,så tenkte eg skulle ta meg nåkre timar no før jobb å sjå om eg fekk ferdige eit par av dei...
Så følg med,skal legge ut so fort dei blir ferdige!!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar