tirsdag 27. januar 2009

Foxy Curls...


TIGI Bedhead
..har fått ein "ny" serie som heiter Foxy Curls som er MIN nye favoritt!
Ja stylingprodukta til TIGI er fantastiske!
(Ang. Shampoo og conditioner så brukar eg fortsatt Long Hair til Trevor Sorbie som eg har skrive om tidlegare...)

Eg har berre fall i håret mitt, men med desse stylingprodukta klarer eg å få fram masse bølger/krøller i håret!!
So kan berre forestille meg kva desse produkta gjer for eit hår som har krøll i utgangspunktet!
Og dei luktar...mmm rettogslett NAM!!!
Eg brukar først Contour Cream'en (den lilla kula på biletet) i vått håndkletørka hår, prøva å knipe opp mest mulig krøll med den... Så let eg det tørke litt før eg knip i Extreme curl mousse (Sølvflaska) og..VIPS! MASSE krøll!!

No manglar eg berre det ideelle glansproduktet, er fortsatt på leiting etter det...
Kanskje finn eg det i helga..
Skal til oslo på Hår & Skjønnhets messa! :)

Haha,jada eg blir utrulig ivrig når eg finn produkt som virkelig "fungerar" !!

lørdag 24. januar 2009

Med ein sprellemann til sengs......


Ja her sitte eg da, i sofaen med dyna og puta mi klokka altfor seint om natta (eller tidleg om morgonen om du vil....) og ikkje får sove pga sprellemannen (som søv!) i senga mi...

Eg har nemleg ein mann som lir av Restless Legs Syndrome (RLS). Dette er ein tilstand der ein får kriblingar i beina som gjer at ein må bevege på dei med jamne mellomrom (kvart 14.sekund i dette tilfellet!!!! Tru meg,eg har tellt!!).
Det er ei nevrologisk årsak til at ein får desse urolige beina, -kommunikasjonen mellom hjerneceller og signalstoffet dopamin fungerer ikkje heilt som det skal. Og denne tilstanden blir værre om kvelden/natta.
Eg synst så synd i han når han ligg der å ikkje får sove eller søv so urolig, det må være heilt forferdelig å ha det sånn kvar kveld/natt.
Men HELDIGVIS har det blitt mykje betre enn det var før, da han no har fått medisin som hjelper hjernecellene og dopaminet "å snakke betre saman".
Så no har han perioder der han ikkje kriblar i det heile tatt og får sove godt. MEN i andre periodar er det der igjen...og no er det oftare at han kriblar i søvne,så han er ikkje klar over det sjølv....
Men det er eg!
Ja eg innrømmer lett at det kan være vanvittig irriterande å ligge der og gong etter gong våkne av sprellinga akkurat idet du held på å sovne igjen!!
Og ja eg innrømme også at eg har gitt både ein og to alboga i sida eller spark i leggen i min frustrasjon... (Hehe, trurkje han merka det engong...)
Og det har vore kvar sin gong å ta dyna og puta si under arma å legge seg på sofaen.
Denne gongen var det eg som luska meg ut, sida han har ei travel helg med jobbing og kurs framføre seg og skal tidleg opp... Eg skal ikkje på jobb på vero moda før kl 14, så eg kan sove eit par timar etterpå...

Eg likar å forstå meg på ting, så eg har lest ein del om RLS og det som er verdt å vite om denne tilstanden står på Norsk Restless Legs Forbundet sine sider.
Og her står det bl.a;
"Disse plagene fører ofte til søvnvansker og trøtthet utover neste dag."
Hmmm,tenkjer eg då....
Dei gløymte visst å tilføye "...for den som evt måtte befinne seg i same seng!"
*gjeeesp*

Biletet er henta frå: www.mydochub.com

søndag 18. januar 2009

Retro2009


Eg les mykje om alt mulig rundt om kring, både i blader og på nettet.
Og som frisør og makeup-artist må ein halde seg litt oppdatert på motene som er i anmasj!

Eg følger ikkje motene slavisk i det heile tatt, brukar kun det eg føler meg vel i, uansett om det er "in" eller ikkje. Eg likar å snappe opp idèar som eg kan mixe med min eigen smak/stil.
Men må sei at eg er svært fornøgd med det som kjem framover....

Motebildet til 2009 er retro!

Når ein ser på bileta av TWIGGY her,som var eit stort stilikon på 60-talet, ser ein mykje av det som vil komme no framover...
  • Korte frisyrer
  • Mørke auger (sota makeup)
  • Bleike lepper
  • Bare skuldre
  • korte kjolar/skjørt
Ang. make-up'en er HUDA viktig! Det skal være fokus på huda, den skal gløde og være naturlig! Ikkje pakke på med pudder med andre ord!


Her ser du fargen for sommaren!!!!

MEN 70-tallsmoten som starta i fjor vil fortsette....Hippie- og Bohemstyle;
  • blomstrete vide kjolar og skjorter
  • hårband
  • korte jakker og vestar
  • sjal
  • jeans (slitte og utvaska)
  • store solbriller
  • skinn og pels
  • frynser


Kanskje eg må sjå HAIR-filmen igjen å snappe opp fleire idèar??

Itillegg til dette har vi bl.a;
  • jumpsuit'en
  • chinos
  • kroppsnært med oversized jakke
  • rocka korte skinnjakker
  • Høge liv på skjørt og bukser
For gutane blir det kort sagt; korte nakkar,men gjerne litt lengde oppå og lang lugg! Altså hockey-sveisen er ut! Ellers smale bukser,blazers, cardigans og sjal!

So lett blanding og litt for ein kvar smak altså!
GØY GØY GØY!!!


Bileta er henta frå:
blog.lib.umn.enu
tokyostargirl.wordpress.com
scienceblogs.com

fredag 16. januar 2009

Gamalt er HOT i 2009!!


Strikk er det store i 2009!!!
Spesielt den heilnorske, tradisjonelle og kjendte -
MARIUS-GENSAREN!!

Den vart lansert i 1952 og fekk navnet sitt fordi den vart strikka til alpinisten og verdensmeisteren Stein Eriksens lillebror Marius.



Stein Eriksen var på framsida av oppskrifta.
Og Marius-gensaren har sidan då vore eit symbol på norsk ski- og utendørsliv. Designet har vore svært populært og dette har vore det bestseljande designet i SandnesGarn`s historie.



Her er dei herlige tanteungane mine
-Lone og Tobias-

i sine Marius-dressar som mamma har strikka!! Nydelige...
Og eg har leita fram min som mamma strikka til meg for eit par år sidan,kjempefin i mørkeblå,lyseblå og kvit!! Den skal eg ha på meg når eg skal til Røldal å stå på ski imorgon!! :)




Her ser du Eskimo-gensaren, som også er eit populært mønster i år!

So no folkens!! -er det berre å gå på loftet å grave fram gensarane, eller få fart på strikkepinnane..(dine...evt andre sine..hehe:)!


Bileta er henta frå:
www.sandnesgarn.no
www.nrk.no

tirsdag 13. januar 2009

Blå-lilla lykke....



Hei igjen!! :o)
Eg har fått førespurnadar om fleire smoothie-oppskrifter (forrige smoothie-innlegg finn du her!), så da skriv eg eit innlegg til om smoothie! ...sidan det går litt seint med malinga mi for tida, så det har våre lite bileter å vise fram i det siste.
Men sånn er det! Kreativiteten og "ånda" kjem ikkje når eg ropar, den berre ER der plutselig...så eg ventar og håpar den dukkar opp snart!
So da kan vi jo drikke litt smoothie i mens....

BLÅBÆR er godt!! Også i smoothie!

Prøv med:
Frosne blåbær
Frosne skogsbær
Blåbær-Biola
Litt vanilje youghurt
Ein halv/ein banan

NAM!
Og det beste; du får i deg masse antioksidantar, og det er bra i desse influensatider!

Her også velger du bananmengde utifrå kor søt du vil ha den.
Vil du den skal være syrligare, kan du bytte ut vanilje-youghurten med drue-,eple- eller appelsin juice! evt litt lime...

Prøv deg fram!
Frys ned bitar av appelsin, epler, banan, ananas, kiwi, fersken osv.., og kjøp forskjellige typar frosne fruktblandingar, juicar (du kan også fryse juicen) og youghurtar....
Da kan du lage forskjellig og variere litt kvar dag og finne DIN FAVORITT!
Og du kan også lage grønnsaks-smoothie!

Ein genial måte å få i seg 5 om dagen på!!

Masse vitaminer, antioksidanter, mineraler og fiber!
(les meir om dei positive helsegevinstane ved å drikke smoothie på Art of Taste!)

Ein smoothie mettar godt, hjelper på fordøyelsen og egnar seg godt som eit lite måltid!
Vil du ha den enda mektigare, prøv med eit egg oppi = protein!

Eg har som sagt testa ut litt forskjellig og funne ut at eg likar best dei fruktige, litt syrlige smoothiane kontra dei som er meir youghurt/kremete.

Kva likar DU best??


søndag 11. januar 2009

Speilrefleks..


ENDELIG!!
Har leeenge ønskt meg speilreflekskamera, og har ei stund lagt av pengar til det.
No var eg så heldig å få bursdagspengar (litt på forskot:), og da hadde eg endelig nok, så igår var eg å kjøpte det etterlengta kameraet!!! Jippi!!
-Canon EOS 450D-
Flerie grunnar til at eg ville ha eit sånt kamera, bl.a for å ta fine bileter når eg er ute å går tur - som eg kan bruke til inspirasjon når eg målar. Også for å bruke det på jobb når eg held MakeUp-kurs og for å forevige gode augneblikk og opplevelsar med fine og meir livaktige bileter.

Det blir ei lita utfordring, då eg ikkje eig tekninsk sans... hehe
Men er godt igong med bruksanvisning-lesing, så må eg berre prøve meg fram og eksperimentere litt!

Gøy gøy gøy!!!

No skal me på kino å sjå Max Manus! Deilig avslutning på helga!
Fortsatt fin søndagskveld til dokke som er innom her!!

torsdag 8. januar 2009

Motivasjon og gulrot!


Jada,no er det tid for nyttårsforsett og alt det der....

Og nokre av mine er å bli flinkare å trene enda meir og få eit sunnare kosthold!
Brukar å gå fint første mnd,men så sklir det ut.
No skal eg og Yngve gjere det litt kjekkare og lettare å klare!
Me skal konkurrere!!
Ej har fått idèen frå Shape-Up, som eg abonnerar på. Anbefalast!

Me har laga eit skjema til å henge på kjøleskapet, der har me alle vekedagane i veke 2,3,4 osv...
Reglane er at me får ein strek for;
  • Kvar 30 min med trening/fysisk aktivitet
  • å ikkje ha ete snop,sjokolade eller noko usunt den dagen
  • å ete 5 om dagen, evt.smoothie + ei frukt
  • for å ha drukke minst 2 l vatn + tatt tran evt kapslar
  • sunn middag
  • å ha ete 4-5 måltid (m/mellommåltid) den dagen
Den som har flest strekar når månaden er over får ein overraskelse av den andre som premie!
Og den største premien er sjølvsagt at me har blitt flinkare å trene og forhåpentligvis blitt sunnare!

Eg har brukt dette skjemaet tidlegare,og synst det var kjempemotiverande kvar kveld å kunne setje strekar! Og om det var nåkre dagar med få strekar, so måtte eg sjølvsagt prøve å ta igjen det dei neste dagane.
No ville Yngve være med også og det synst eg er veldig kjekt...(jada,konkurranseinstinkt so det helde...hehe)
Ein bra måte å komme igong skikkelig på!



So no blir det mykje frukt og grønt framover!! Blir vel handling på kiwi da..??
Kanskje nokon har ei god oppskrift eller ei god exotisk frukt å anbefale??
Eg etterlyser også ei skikkelig god oppskrift på sunne,grove runstykker eller brød!!



TREN med pulsklokke!!
Kjekt og motiverandes i seg sjølv...å kunne følge med på pulsen og sjå kor mange kaloriar du har forbrent i løpet av treninga ,fjellturen eller gåturen...
Med pulsklokka kan du kontrollere at du trenar rett i forhold til det du vil oppnå med treninga!

Visste du at det er på 60% av maxpuls du forbrenn mest kaloriar? Men du må høgre i puls om du vil ha kondis!
-Og når du går tur med pulsklokke kan du gå å variere mellom f.eks 60%,70% og 90% av maxpuls ved å speede opp og slakke på... da får du betre treningsutbytte av turen enn å gå i samme tempo heile tida.
So kan du sjekke kor mange kaloriar du har forbrent etterpå:)

Rekn ut ca maxpuls ved å ta 220 minus alderen din!




Det kan være greit å ha ei gulrot å strekkje seg mot! :o)

Klem Rita Olene!

tirsdag 6. januar 2009

Kva vil eg få ut av 2009?


Deilig å endelig få litt vinter!!
Blir so altfor mykje regn og slapps vinterstida! So me må nyte snøven so lenge det varer!!

Sjølv om eg må innrømme at med ein gong me bikkar jul og nyttår, so startar lengselen etter våren...

Men om me kan fortsette å få snø, so kan eg gjerne vente litt til:)

Bileta i innlegget er tatt på vei nedatt frå hytta etter nyttår, det var komt masse nysnø iløpet av natta og det var rettogslett heilt nyyydelig og skikkelig trollsk stemning!!


No er me vel heime i Bergen igjen etter ei hektisk og koselig jul!
DIsse 2 vekene he bestått av god mat og drikke, og mykje kvalitetstid med familiane våra og gode venar!!

Eg har desverre fått influensa og har holdt meg under dyna nåkre dagar no,so føler ikkje at eg har fått tatt skikkeleg fatt på 2009 enda...
Men eg har maaange planar og mål for dette året;
  • male meir og halde utstilling!
  • trene enda meir!
  • bli sunnare!
  • fortsette å drikke smoothie = 5 om dagen!
  • være enda meir sosial og pleie gode vennskap!
  • utnytte bedre dei gode tilboda vi har når vi bur i ein by!
  • lære å strikke og sy!
  • bake meir grovt!
  • Undervise sånn at frisørelevane på NFS blir dei flinkaste lærlingane!
  • Kjøpe speilreflekskamera og lære meg skikkelig å bruke det!
  • Tenke positivt!
  • Prøve nye ting!
Ja! Det var det eg kom på i farta! :o)
So måtte 2009 bli eit spennande,innholdsrikt, gledelig og utfordrandes år..!!
...for alle!!

søndag 4. januar 2009

Endelig kom vinteren!!!


Raudehytta
Her kosa me oss og feira nyttår heile familia! Skikkelig julestemning...

Gøy me kjelke:)


Spreke gjengen som skulle på Melshornet til kl 12 nyttårsafta...Kun Lill og Joakim med ski som kom seg heilt opp! Me på kjelka snudde halvvegs pga snøkave og vanskelege gåforhold:)


Men jammen var det kjekt nedatt!!:) Sjølv om det var særs dårleg sikt... hehe eg og Helene (lisjesysta) fekk oss ein ufrivillig flygetur pga ei hole me såg litt for seint....:)


Gutane mine va veldig fornøgde med kjelketuren:)

Godt nytt år til alle som er innom!

søndag 28. desember 2008

Nytt bilete!


"Fjell"

30x90cm

SOLGT!

tirsdag 23. desember 2008

Jula er fellesskap og kjærleik


No er det juleferie !
Skal blir deilig å tilbringe dei neste 2 vekene i godt selskap med familie og venar!!
Idag har det gått i ett,jobb først, deretter diverse som skulle ordnast, siste pakkane skulle pakkast inn, ostekake skulle lagast, pakke for 2 veker (som er umuuuulig!! Kva skal vi ha med?? Kva vær blir det? Skal vi på ski? jaja,det blir en del når vi skal være vekke så lenge...) male ferdig eit bilete, sy litt, og vaske og rydde opp leiligheta så det blir godt å komme heim over nyttår.
No er alt klart, og me reiser til Odda imorgontidleg rett etter trening! Gler meg masse til å feire jul saman med familia til Yngve. Ein herleg gjeng!
Yngve og kompisane ("Nøtteknekkarane":) skal spele fotballturnering i romjula i Oddahallen og vi "fruene" skal være heiagjeng:)

Søndagen reiser meg,Yngve og Marius til Mork
for å være der resten av jula og til over nyttår...
Gleda meg sånn til å sjå alle sammen igjen!!

Her ein dag i veka fekk eg ei heile kakeboks i posten med sirupsnippar som mormor har laga!! Eg vart so gla!!!! Det er verdens beste og min absolutte favoritt!! Mormor è so skjønn og lagar alltid ein ekstra posjon og sende meg ei boks:) NAM!

Planen er å feire nyttårsafta på
Raudehytta og gå opp på Melshornet på ski til midnatt dersom det er snø og måneskin.
Så vi får krysse fingrane for at værgudane er med oss!:)
Koseleg blir det no uansett veir når ein har så godt selskap!
Men litt julesnø hadde no våre prikken over i'en..

So da vil eg ønskje alle
ei riktig god jul og eit godt nytt år, og minne alle på å hugse kva jula egentlig handlar om...
Senk skuldr
ane folkens! Pust godt med magen, stress ned og finn roa!!
Lat julefreden senke seg over dokke,
Jula er tid for godheit, tryggheit, omtankje og varme!

Julebodskapet er fellesskap og kjærleik!
"Felleskapet i heimen i jula er ein refleksjon av Guds vilje ved å sende Jesus som menneske ned til jorda. Han sendte Jesus fordi han ville ha fellesskap med oss. Han gav oss sitt beste, sitt kjæraste eige fordi han ville ha fellesskap med deg og meg."

Og hugs å lese Juleevangeliet! Det høyrer i iallefall med for min eigen del, for å komme i skikkelig julestemning!!

Fortel og vis dei rundt deg at du er glad i dei, nyt fellesskapet og seine kveldar med familie frå fjern og nær.
Og send ein tankje og tend eit lys for dei som kanskje ikkje har alle dei skulle rundt seg denne jula......

Varm juleklem til alle frå meg!


søndag 14. desember 2008

Fleire (bilder !! ;) på vei!


Som de ser er det fleire bileter under produksjon!!
Har berre ikkje fått tida til å strekke til i det siste, så det har blitt lite maling...
Men denne veka skal det hovudsakleg gå i maling og baking...fri tirsdag, onsdag og torsdag:)

Det skal blir godt med dei fridagane, føler ikkje at eg har hatt skikkeleg helg sidan eg har jobba både laurdag og søndag på Vero Moda.

I morgon blir ein lang dag - eg skal være sensor på praktisk-eksamen til dagskulen, så skal eg handle ferdig dei siste julegåvene (til pappa og yngve....hehe dei verste igjen:), deretter trening, før eg skal heim å pakke inn og merke alle gåvene.
I motsetning til mange so synst eg det er litt kjekt å pakke inn gåvene sjølv eg da....:):) (Sjølv om eg ikkje har vore so oppfinnsom når det gjeld innpakkingspapiret iår...)

Jaja det er vel berre å kome seg til sengs og ladde opp batteria... Helde på med spennande bok (Den digitale festning - Dan Brown), so kjenne eg meg sjølv rett blir det vel lesing ein times tid før eg sovnar...

Nattinatta!

lørdag 13. desember 2008

MakeUp-Artisten sine favorittar!


No har eg testa Glo Minerals nåkre veker, og eg er kjempefornøgd!!!

Liguid- og Loose-foundation'ane er fantastiske, Lid-primeren genial og Face-primeren nydelig!!
Lidprimeren får øyenskyggen til å halde seg fin heile dagen og ikkje stripe seg.
Face pimeren glattar ut ujevnheiter i huda før du legg foundation.

Og øyeskyggane er kjempefine og har deilige fargar!!!!
GloMinerals er absolutt blitt ein favoritt!!



Min andre favoritt har eg brukt i årevis...
MAC
-Før den kom til noreg fekk eg folk til å kjøpe med til meg når dei var ute å reiste

MAC har fantastiske skyggar og ein stort utval av fargar og nyansar...-mykje skimmer,litt skimmer,frost,matt osv...

Trykk på linken til mac og sjå kor mykje spennande!!
Noko av det beste du får av makeup!!

VERKTØYET ER DET VIKTIGASTE FOR Å FÅ EIN FIN MAKE-UP!
Utan gode kostar hjelp det ikkje at ein har make-up av god kvalitet.
Ein bør iallefall ha ein foundation-pensel (for våt eller mineralfound. alt ettersom kva du brukar) og eit par skyggepenslar.
Som make-up artist har eg har eit stort utvalg penslar,-eg brukar kun eit par når eg sminkar meg sjølv til dagleg,men er avhengig av eit godt utvalg når eg legg make-up på andre!
Eg likar best penslane til Glo, MAC og Trucco!

Gleeer meg til å holde makeup-kurs etter jul!

Fortsatt god helg alle sammen!
Gi meg ein kommentar om det er noko spesielt du vil eg skal skrive om ang hår og makeup:)

Bileta er henta frå:
www.glomineralsmakeup.com
www.coolchaser.com


onsdag 10. desember 2008

For kropp og sjel....


Pilates
Eg anbefalar pilates-trening på det sterkaste!
Kjempegod trening for dei som har eit hard fysisk belastande yrke der det er viktig med god og sterk kjernemusklatur.
Ved å trene pilates styrkar du den musklaturen som ligg nærast skjelettet.
Du vil få fin haldning og ein sterk kropp!
Itillegg er det ein behageleg måte å trene på, liggandes på golvet på ei matte, rolig musikk, mørkt rom, gjerne med stearinlys!
MEN det er HARDT
!!
Lovar garantert gongsperre, spesielt i magemusklane i ei veke etterpå:)
Teknikken er kjempeviktig i pilates... ein skal puste med magen,gjere øvelsane i kombinasjon med inn- og utpust, samtidig som ein skal holde navlen inn og bekkenbunnen opp... Mykje å tenke på,men det kjem seg etter litt øvelse... Og når det blir gjort riktig, er det vanvittig god trening!!!

Så kan ein gjerne gjerne springe litt på tredemølla etterpå for å svette litt og renske ut avfallstoff:)

Imorgatidleg skal eg på 60min pilates...ein deilig måte å starte dagen på! (når ein først har klart å kome seg ut av dyna sjølvsagt..:)

Berre prøv! ;)



tirsdag 9. desember 2008

Ei utmerking!!


JIPPI!! :)
For ein kjekke overraskelse!!!

Mi første utmerking, og den fekk eg av Ida Mari som har denne bloggen - http://idamarimeland.blogspot.com !!
Tusen takk!!!:)


Reglar; Ein skal gi den vidare til 5 nye,som igjen skal gi den vidare til 5 andre! Du skal linke til den du fikk den frå og til dei du gir den til.. Og gi beskjed til dei du gir utmerkinga til.

Skriv i tillegg 5 ting du er avhengig av;
  1. Den galne og herlige familia mi
  2. Søvn
  3. GODE venna
  4. Ansiktskrem
  5. MAT (hehe jada,matvrak ej veit...:) og SMOOTHIE!! Nam..


Da vil eg gi denne utmerkinga vidare til;

Ingrid - -I N G R I D-
Sigrun - Familieliv
Tante Marianne - Tante Marianne Design
Elisabeth - Om oss, -alt og ingenting!
Sølvi - Zølvi - MessTV
 
Blog Widget by LinkWithin