søndag 19. april 2009

MAC SPRING COLLECTION 2009

Vår-kolleksjonen til MAC er i år inspirert av HELLO KITTY!

Ein fargerik kolleksjon som inneheld både rosa,lilla og turkis! Herlige fargar! Og sjå stilige bilda nedanfor!! Inspirerar til å prøve seg på nye fargar når ein ser slike bilder!

Ei modernisert og vaksnare Hello Kitty ...

machelokitty

mac-and-hello-kitty

macHK

Tidlegare har Barbie våre i MAC sine kolleksjonar, og då såg det slik ut....

barbielovesmac6 barbielovesmac

Barbielovesmac4 Barbielovesmac2

FANTASTISK!!

Eg synst MAC er flinke med disse bilda som dei promoterer seg med pga at dei er så spesielle, skiljer seg ut og er svært fargerike! Ikkje KUN vanlig skjønnsminke, men litt meir "avansert" make up ! KULT!!

Sjølvsagt for mykje sminke til at vi kan kopiere det og bruke det i kvardagen, men bruk bilda som inspirasjon og benytt ei mildare utgåve!

MAC finn du i Oslo på Glasmagasinet ved stortorget! Og så kjem det snaaart MAC-butikk i bergen!! JIPPI!!

TIPS; Kjøp deg palett og plukk ut øyeskyggar til den sjølv! Kjempelurt! Og skyggane blir billigare når du berre kjøpe refillar!

Bilda er henta frå MAC si heimeside!

mandag 13. april 2009

Makeup-tid!

Påska er over og slaraffen-livet er slutt!

No er det tid for å tenke trening,kosthold og jobb igjen! Og eg har nåkre travle veker framfor meg! Imorgon reiser eg til Oslo for å holde makeup-kurs for elevane på frisørskulen. Og kaaanskje skal eg holde kurs for nikita-frisørane.

Neste veke blir det tur til Bodø (for første gong!) for å holde kurs for frisørane der! Spennande!!

Så no har eg stillt meg inn på make-up modus!

Og apropo... OSLO = MAC butikken!! MÅ innom å supplere litt til øyeskygge-pallettane mine:)

Og idag har sola skint og ein har fått ein skikkelig smakebit på våren. Da er det vel på tide å sjå litt på vår-kolleksjonane til dei forkjellige makeup-merka...Nåkre av dei finn du nedanfor! Kva skal vi bruke i år?? (Hmmm det aaante mej....:)

SPRING COLLECTIONS 2009 ;

bb-spring

estee-lauder-spring-2009

laura-mercier-spring-2009-images-016

shu-uemura-spring-2009

Kose Cosme Decorte Magie Deco Spring 2009  Makeup 1

Herlige fargar!!! Det går mykje i rosa og fersken/korall/orange! Spesiellt i kinn og på lepper -Men også som øyeskyggar.

IKKJE VÆR REDD FOR Å BRUKE FARGAR!!!!

Eg synst folk ofte er altfor dårlige til å bruke friske fargar,både på klede og make up!! Kvifor er det sånn?? Fordi svart og grått er "safe"? Eller? Tenk på at svart framhever verken hudtone, auge- eller hårfarge! Og dessuten....

Fargar er jo HERLIG, FRISKT OG NYYYDELIG FINT!!

AMEN!

fredag 3. april 2009

Soft Styler

Rekk opp handa alle som har en SOFT STYLER liggande i skuffa utan å ha brukt den!!?? Eller kanskje vart den kasta i bosset fordi du ikkje visst ka du skulle bruke den til eller korleis den skulle brukast??

Soft styler er en genial ting!!

Om du har kort eller langt hår, så er den super til å lage volum! Og har du litt fall/bølger/krøllar i håret, sett soft styleren på føhna og sett i gong! Du vil få masse meir bølger/krøll enn du hadde i utgangspunktet!

Soft_Styler

Bruk f.eks REF. Curl power kremen eller Foxy Curls sprayen i fuktig hår og sett i gong!

Husk å holde på heilt til håret er heilt tørt! Er det litt fuktighet igjen så vil håret kollapse!

foxy-curls-high-def-spray REFCurlpowercopy

Krøllar og bølger er super-pop til våren og sommaren!!!

Lykke til !! :0)

tirsdag 31. mars 2009

Rita-Fletten !!

Så kjekt å sjå at "Rita-Fletta" har blitt so populær!!

RITAioslo-copyflette 131 Hos Trond & Sølvi-copyflette01 Hytto Sept copyflette08 20

Eg brukte vanvittig masse denne fletta i fjor (og forfjor)... Og no kjenner eg det er på tide å begynde med den igjen! Flette hører våren og sommaren til synst eg:) Og den er like populær og "in" i år!

Veit du ikkje kva Rita-fletta er?? :)

Sjå videoen som mi gode venninde Sølvi har laga , og lær deg den!!:) For enda fleire hårtips kan du sjå på Salong-bloggen hennar! Masse inspirasjon å hente.... :)

lørdag 28. mars 2009

God investering eller pengesløsing?

bioline rens

I eit tidlegare innlegg skreiv eg at eg hadde investert i gode hudpleie produkt og begynt å rense huda morgen og kveld...

Og folkens! Dette er ikkje oppskrytt!

Sjølv om eg kanskje ikkje i perioder har vore like flink å rense to gongar for dag slik hudpleiarane sei, så gjer faktisk èn gong for dag også underverk for huda! Huda er mykje meir "stabil" og kjennast rein og frisk!

Eg har vel egentlig alltid tatt huda mi som ei sjølvfølge...lett det, når ein er ung og huda er sunn,stram og fin... Men det er ikkje til å kome vekk ifrå, at når ein har passert 25 år og nærmar seg 30, så går det desverre berre ein veg for huda vår...... MEN vi kan forebygge og gi pleie som gjer at dei fine linjene drøyar litt lengre med sin ankomst......

Å ha gode RENSPRODUKT er ein viktig del. Og så er det sjølvsagt viktig med ein god ANSIKTSKREM tilpassa den hudtypa ein har. Og å bruke peeling ein gong i veka for å fjerne døde hudceller (visste dokke at 90% av husstøvet er døde hudceller???) , og/eller kanskje ta ei god maske som tilfører ekstra fuktigheit og vitaminar??

JA DET ER DYRT!!!! Men unn deg i allefall rens og krem! Ei god investering!!(-så slepp du bruke alle spare-/pensjonspengar på botox og ansiksløft seinare...hehe) Huda er vårt sanseorgan, den beskytta oss mot ytre påkjenningar, mot bakteriar og virus, og den er vårt sanseorgan, for å nevne nåkre av dei viktige tinga den gjer for oss.... Det minste vi kan gjer for den er vel å smøre oss med ein god krem??? (Som igjen blir ei egoistisk handling, da den då vil fungere ENDA bedre til å beskytte oss!:)

KVA ER EIN GOD KREM OG EIN DÅRLEG KREM?? Ja...her får ein det ein betalar for! I ein billig krem kjøpt på Rema 1000 er mesteparten av kremen billige "fyllstoff" som lanolin og mineral oljar, som gjer NULL for huda! Kremen legg seg utanpå som ei hinne fordi den har så store molekyl som ikkje trenger igjennom overhuda og ned til huda... (På samme måte som ein billig-shampoo som har fyllstoffa såpe og silikon og legg seg utanpå hårstrået! Istadenfor å trenge inn til fiberlaget og reparere.) Ein krem som du kjøper med hudpleiaren (som gjerne kostar litt meir) har så små molekyl at den trenger igjennom epidermis/overhuda og ned til dermis/huda der pleiestoffa kan tilføre fuktighet og vitaminar og virke som dei skal.

Og huda må ha FUKT for å bevare spenst og elastisitet! Fukt = Mindre rynker og bedre hud..

Hehe ja eg blir veldig engasjert! Eg har jobba så mange år som frisør, og prøvd å få folk til å skjønne forskjellen... -kvifor bruke masse pengar på å gå til frisør å få ein fiiiin farge i håret, så gå heim å bruke Define colorshampo som ødelegg fargen etter eit par vask!? Og JA! FRISØRANE i Define-reklamene får GODT betalt for å stille opp!! -OG dei ødelegg sitt rykte som profesjonell frisør....

Og no underviser eg også om huda, -og dens oppbygging og funksjonar, som frisørlærar og i forbindelse med makeup-kursa eg held. Så viktig at folk skjønnar kva som skjer her! Kva er vitsen med å bruke pengar på en shampoo eller en fuktighetskrem som berre blir liggande utanpå håret eller huda utan å verken bygge opp eller gi fuktighet?? Det er i allefall pengar rett i dass,spør du meg!

HELDIGVIS har folk begynnt å skjønne dette, og fleire og fleire svergar til "skikkelige" hår- og hudprodukt.:) Og tilogmed (hehe) GUTTA har begynt å skjønne dette ....

primaluce bioline-herre

Bioline heiter seria som eg brukar, og eg er veldig fornøgd med den!! Denne seria er italiensk og er markedsleiar i Italia! No har Bioline gjort sin anmasj i Norge og eg vil tru det vil blir like stort her etterkvart som folk får kjennskap til produkta. Dens visjon er å skape framtidas hudpleie som effektivt og raskt viser resultat, med det beste frå naturen og det siste innan vitenskap! Det kan vi jo like...:)

Primaluce heiter ansiktspleie-produkta eg brukar (ved sida av renseprodukta), den gir masse fuktighet og pleie,har sval behagelig lukt, gir økt spenst, forebygger ureinheiter og pigmentflekkar. Deilig....

HERRE-SERIA Jatòman i Bioline ser maskulin og delikat ut.... Like viktig at gutta tek vare på huda si, som jentene!

No er eg så heldig at eg skal få teste ut kropps-produkta til Bioline, det gler eg meg masse til!!!!!!!!! Kjem nok tilbake til dei seinare....;)

Kva seier lesarane mine?? Kva produkt kjøper dokke? Synst dokke det er ei god investering eller berre sløsing av pengar??

Eg er iallefall ikkje IKKJE I TVIL om kva eg synst!! :)

Bilda er henta frå Bioline si nettside.

fredag 27. mars 2009

Klar for sommar og ferietur....

No er ferieturen endelig bestillt!!!

Kjempevanskelig å bestemme seg, men veldig fornøgd med resultatet!

Valget fallt på PARGA og LEFKAS i Hellas! Det blir ei veke på kvar av plassane... og det ser nyyydelig ut der, som dokke ser på bilda!

parga4a

Parga

parga_31


lefkas

Lefkas

lefkas_nidri_beach4


rita-are-yngve-ingrid-copy

Og her er gjengen som skal på tur!!!!

Gler mej vanvittig masse til å tilbringe ferien ilag med min kjære + Are og Ingrid! Trur me kjeme til å få det utrulig kjekt!!

Deilig å ha nåke so kjekt å sjå fram til!!

torsdag 26. mars 2009

Fått kjempedilla..!!

På jordbær og ananas smoothie!!!

Heilt utrulig friskt og godt...

jordbaer

Prøv du også!

Kjøp en heil ananas og skjær i bitar, frys ned, så sleppe du å skjære opp kvar gong OG smoothien blir enda meir slush-aktig!

Kjøp en pose med frosne jordbær, der har du til fleire omgongar!

ananas

Bland med eplejuice uten sukker...og ta gjerne i ei appelsin og eit eple også..:)

NAMMENAM!!

(bilda er henta frå matlyst)

onsdag 25. mars 2009

..sol i hjertet, sol i sinnet....


Eg gler meg sånn til sommar!!!
Satt å såg på bilder frå i fjor sommar, og disse nydelige solnedgong bilda tok eg på veg heim til Mork, når me sto på Folkestad å venta på ferga!

Vakkert rett og slett
!!


torsdag 19. mars 2009

So fantastisk deilig....


Dette har eg lengta etter!!!!!
Idag har eg ete havregrauten min (frokost) på verandaen for første gong i år!
Ligg veldig i ly, så der er det 25'c idag:)
Utrulig deilig!!

Frå no og framover våren er den beste tida på året synst eg... når ein kjenner sola varma i kinna for første gong, når det kjem knoppar på treda og ser det begynder å spire rundt om....og blomstrane sprett ut!
ÅH, vi har ei deilig tid i møte!!

No har eg komt i treningskleda og skal ut å gå/springe i sola! Er så heldig å ha kanadaskogen rett utfor døra, der det er kjempefint turområde/turstiar rundt eit badevatn med sandstrand (som blir flittig brukt nærmare sommaren!) og fleire "fjelltoppar" å gå på:)
SOLA er MOTIVASJONEN idag!:)

Det er meldt sånnt vær heile helga, og får besøk av mamma og pappa... da blir det nok både tur på stoltzen og utepils:)
Gleeeedar meg!!!


tirsdag 17. mars 2009

REF. find your refrence


Drive å prøva ut ei serie som eg ikkje har prøvd før!

Det teke tid å teste ut nye produkt....hehe helst lyst å prøve alt på èn gong, for alt er so fristandes! Men no blir det å prøve eit nytt for kvar dag framover...krøll,glans,volum,defrizzer,kur,spray?.... Ja me får sjå kva som blir best!
Det første eg gjer når eg får eit nytt produkt mellom hendene er å skru av korka å lukte!! VIKTIG at produktet luktar godt!!!
Etterpå er det vurdering utfrå kva produktet lovar!

Eg er kresen når det kjem til hårprodukt!
Eg vil produktet skal gjer det som blir lova!!




Denne serie heiter altså REF. og eg kjem tilbake til den om/når eg finn nåken gullfunn som dokke bør vite om!!:)

Første kriteriet er ihvertfall godkjendt på mange av dei...
-mmm ananas,eple,fersken,vanilje...



Bilda er henta frå REF. Haircare si nettside.

torsdag 12. mars 2009

Inspirasjon...




No er det so lenge sidan eg har malt!!
Tid, lyst, kreativitet og inspirasjon har liksom ikkje vore der...
MEN istad kjente eg litt kribling i fingrane!






Så no driv eg å ser igjennom bileta mine for å prøve å hente litt inspirasjon.
Planen er å få satt igong å male i helga!







Mange av bilda er jo ganske forskjellige....
So da spør eg dokke som er innom bloggen min;

Kva "type" bilde skal eg fortsette med?
Konkret eller abstrakt?
Kva "stil" likar dokke best?

onsdag 11. mars 2009

Shiny hair.....

Kven ønskar seg ikkje eit glansfullt og blankt hår??

I foxy curls-innlegget skreiv eg at eg var på jakt etter det ultimate glansproduktet!
Og no har eg testa ut to stk!
Dumb Blonde smoothing stuff frå TIGI - er ein heilt vektlaus glanskrem som lukta himmelsk!!

Glansprodukt har ein tendens til å bli tunge i håret og håret kan kollapse og virke fett (-pass på å ikkje velge dei oljete variantane!). Om du kjenner deg igjen i dette, så har du to gode alternativ her!!

Disse tynger ikkje håret i det heile tatt!
YEY!!:)

Om du kunne tenke deg enda litt meir glans, så kan du gå over til slutt med denne vektlause (!!)
finish-sprayen til S-Factor
SHINY HAPPY PEOPLE
!
Eller bruke denne åleine, håret får ein fantastisk glans av denne sprayen!!

Kvifor bruke glansprodukt?

Håret ser sunnare og friskare ut!
Glans framhever fargen!
Finare med eit glansfullt hår, enn eit matt hår!


Les også innlegget mitt Glansfullt hår - der eg skriv om kva shampo og balsam du kan bruke for å få naturlig meir glans i håret!

mandag 9. mars 2009

Gode som gull....



YESS! Endelig er dei mine!!
Har gått å sikla på disse adidas-joggeskona leeenge... Prøvd dei SO mange gongar på butikken...men aldri følt eg kunne ta meg råd til å kjøpe dei....
På lørdag fikk eg dei av Yngve i premie!
-fordi eg hadde våre snill jente heeeile veka! hehe neeei...

-fordi eg var månadsvinnaren av strekskjemaet vårt (les meir om det HER!)
Han hadde gjort eit kupp...det var 70% avslag på dei fordi dei er fjorårets modell!

Gleeer meg til vår og sommar no...få bruke dei lekre gullskona mine!!

torsdag 5. mars 2009

Fargeglad !!


Visste du at.....

- RØDT aukar blodsirkulasjonen og forbrenninga?

-ORANSJE kan gjere at ein sløsar meir med pengar og blir meir uansvarlige?

- ein kan gjere det bedre på eksamen ved å omgi seg med noko GULT
? Fordi gult gjer deg opplagt og konsentrert!

- GRØNT er den mest nøytrale og beroligande fargen? Den roar nervar,musklar og dempar stress.

- BLÅTT gjer godt for den som er stressa? Den får pulsen til å slå saktare, muskel og nerveaktiviteten roar seg. (bra for soverom!!)

- INDIGO er smertelindrande, og anbefalast spesielt ved migrene?

- du ikkje bør male eit barnerom FIOLETT? Fordi barnesinnet ikkje harmonerer med den sterke fargen. Fiolett krever eit modent sinn.



Fargepsykologi er utruleg spennande!!!
Eg har en del om det i teorien til makeup-kurset...og har blitt litt hekta på det!

Neste gong skal eg skrive om dei forskjellige farga personlegheitene...så kan du finne ut kva farge du er?? :)

Øverst ser du Johannes Ittens fargesirkel.
Fargesirkelen og fargeteori brukar eg både som frisør og makeup-artist og når eg malar bileter!

mandag 2. mars 2009

Ein ny farge??


Hei igjen!

Ja no er me igong med ei ny veke! Og i mitt tilfelle so er dette ei makeup veke!
Eg skal nemleg holde make up-kurs heile veka på skulen!
Veldig kjekt! Det blir to dagar med teori først,der vi har om hygiene,huda og hudtyper, i tillegg til fargeteori og fargepsykologi!
Deretter blir det demoar av meg, før elevane skal få prøve seg eit par dagar med makeup-praksis på kvarandre.
Til slutt skal vi på lørdag ha avsluttande temaoppgåve,der elevane styler hår, makeup og antrekk... og da må vi også ha ein fotoshoot:)



Igår hadde forresten eg, venninda mi -SØLVI og fotograf Øyvind Ganesh fotoshoot! Veldig kjekt!
Det gikk i GLAMROCK!! KULT hår og makeup! Bilda skal forhåpentligvis brukast i konkurranse! Gler meg til å sjå resultatet!
Følg med,så får du sjå dei her på bloggen etterkvart!




Eg vil komme med ei oppfordring til dei som er innom her...

Kvifor ikkje prøve ein NY farge øyeskygge neste gong du sminkar deg??
Det er so utruleg mange fine fargar skyggar!! Kvifor ikkje prøve dei ut?
Eg lovar at dei fleste vil få seg ein overraskelse! Plutselig ser du at du kler ein heilt annan farge enn du trudde. Finn dei fargane som framhevar DINE auger!

Ikkje vær redd for å prøve!

Den treng ikkje være "skrikande", det finns "rolige" fargar innanfor både blått,lilla,fersken,grønt og rosa... Kombiner gjerne disse med grå- og brunlige nyansar! LYKKE TIL!! :)



Og dagens TIPS: Kjøp deg ein softepensel (mjuk bust)! Denne brukar du etter at du har lagt skyggen til å softe/duse ut kanten rundt skyggen! Dette vil gi mjuke fine overgongar!
Dette er alfa omega ang å legge ein fin skygge!



For å lære korleis du skal legge ein fin øyeskygge kan du f.eks sjå denne filmen;

Smoky eyes by Luc - dette er på MAC si heimeside.
Om du ikkje vil ha eit sota look, brukar du berre lysare skygge eller ikkje så mykje skygge under auga.

Bilda av skyggane har eg henta ifrå GloMinerals si heimeside!

For spesielt interesserte så kan eg anbefale bøkene til Kevyn Aucoin. Ein guru innan makeup-yrket/sjangeren!
I bøkene hans "Face forward" og "Making faces" vil du finne steg-for-steg bilder av korleis en legg forskjellig typer makeup/skjønnsminke!

 
Blog Widget by LinkWithin