
Pilates
Eg anbefalar pilates-trening på det sterkaste!
Kjempegod trening for dei som har eit hard fysisk belastande yrke der det er viktig med god og sterk kjernemusklatur.
Ved å trene pilates styrkar du den musklaturen som ligg nærast skjelettet.
Du vil få fin haldning og ein sterk kropp!
Itillegg er det ein behageleg måte å trene på, liggandes på golvet på ei matte, rolig musikk, mørkt rom, gjerne med stearinlys!
MEN det er HARDT!!
Lovar garantert gongsperre, spesielt i magemusklane i ei veke etterpå:)
Teknikken er kjempeviktig i pilates... ein skal puste med magen,gjere øvelsane i kombinasjon med inn- og utpust, samtidig som ein skal holde navlen inn og bekkenbunnen opp... Mykje å tenke på,men det kjem seg etter litt øvelse... Og når det blir gjort riktig, er det vanvittig god trening!!!
Så kan ein gjerne gjerne springe litt på tredemølla etterpå for å svette litt og renske ut avfallstoff:)
Imorgatidleg skal eg på 60min pilates...ein deilig måte å starte dagen på! (når ein først har klart å kome seg ut av dyna sjølvsagt..:)
Berre prøv! ;)